Bekken

Regi: Ida Kleppe
Produsent: Morten Offerdal
Foto: Vegard Bergheim, Anders Hereid,
Jan Inge Mevold Skogheim
Klipp: Christian Dahl
Versjoner: Norsk, engelsk

Bekken

Bekken på Havrå bind fjellet saman med tunet, og tunet saman med fjorden. Alt liv på garden har i tusenvis av år kretsa rundt bekken. Sjølv om bekken aldri sluttar å bruse, så er livet rundt han i ferd med å stilne. Om bekken kunne snakke, ville han ha fortald om det harde strevet i kvardagen, om festdagar i vakkert solskin og om kjærleik så sterk at den overlever tusenvis av regnvérsdagar.