Pappas kjærlighetsbarn

Regi: Ida kleppe
Foto: Vegard Dale Bergheim
Produsent: Trude Refsahl
Klipp: Christian Dahl
Postproduksjon: Benedicte Sælensminde
Lyd: August Sandberg
Lengde: 43 min
Premiere: TV2, 4. mai 2015
Finansiert av: Vestnorsk Filmsenter, Norsk Filminstitutt, Fritt Ord, TV2

Pappas kjærlighetsbarn

Kva er viktigast: At eit barn er ynskja og elska, eller at det for ein kvar pris har to foreldre? Torstein hadde lyst på barn, men løysninga var ikkje opplagt. For Torstein er einsleg homofil. Det er stadig fleire vaksne som nyttar svært utradisjonelle metodar for å få barn. Torstein fikk ei venninne til å bere fram eit barn for han. Ho gav han barnet og alt ansvaret - åleine. Slik startar livet til Konstanse. Torstein driv Haaheim Gaard; ein historisk gard med hotell og restaurant, og har eit travelt liv alt før babyen er fødd. Vi følgjer med på Torstein sine prioriteringar og korleis dei forandrar seg: Frå å vere ein alltid arbeidande gründer med åleineansvar for hotell, restaurant og selskapslokale, tilpassar han seg kvardagen med eit spedbarn. Eit liv med nattevåk, bleieskift, utallege bekymringar og kjærleik utan atterhald. Renate, som har født babyen og gitt alt foreldreansvar til Torstein, medverkar også i filmen. Før fødselen er Torstein redd for at ho skal bryte dei avtalene som er inngått, og som pappa har han få rettigheiter. Dette er ein film om det eit lite øysamfunn tenkjer om eit barns beste, om utradisjonelle val og om det som står i skrifta. Men mest av alt handlar det om kjærleiken mellom ein far og ei dotter.