Utan mat og drikke

Manus og Regi: Ida Kleppe
Produsent: Trude Refsahl
Foto: Silje Birknes
Tilleggsfoto: Vegard Bergheim, Amstrong Lian, Geir Wikse, Anders Hereid, Christine Lensberge, Thomas Morel, Antimedia
Klipp: Morten Øverås, Rain for Sun
Tilleggsklipp: Fredrik Seeland, Marit Stensby
Etterarbeid, bilde: Benedicte A. Sælensminde Avsnes
Etterarbeid, lyd: August Botne Sandberg, Fredrik Seeland
Grafikk og animasjon: Torjus Førre Erfjord
Logger: Elise Hansen
Produsert med støtte frå:Vestnorsk Filmsenter, Norsk Kulturråd, Fritt Ord, NRK, Norsk Filminstitutt

Utan mat og drikke

Går det ann å leve på berre norsk mat? Ida Kleppe er regissør i Pandora Film, og i denne filmen skal ho og familien hennar skal gjere eit eksperiment. Dei skal ete berre norskprodusert mat i ein månad. Dei må kutte ut kaffi og sukker, all ferdigmat, og brøda må vere av surdeig. Vert familien meir harmonisk av all denne heilnorske og skikkelige maten? Eller blir det berre stress for ei travel familie å bruke fleire timar kvar dag på å lage mat frå botnen av? Familien skal dyrke poteter, ha høner i hagen, og lage syltetøy utan sukker – frå eigne bær. Dei må lage kjøttkakene frå botnen, tomatsuppe av ekte tomatar, og køyre langt for å få tak i brød bakt utan gjær og av berre norske råvarer. Samstundes skal Ida besøke fleire bønder, og møte ekspertar på matproduksjon og samfunnssikkerheit. Landbruksminister Jon Georg Dale vert tilkalla når familien treng hjelp til å partere eit slakt, og ho nyttar mulegheita til å spørje om han heller ville ha vore bonde enn minister. Ida dreg til fjells for å møte ein som meiner at vi ikkje bør produsere mat i Norge – og ho innrømmer at han har gode argument. Esben Holmboe Bang får også besøk av Ida. Han er dansk, men har starta restaurant i Norge fordi han meiner at dei beste råvarene er norske. Resturanten hans, Maaemo, har blitt belønna med 3 Michelin-stjerner, som den fyrste i Norden.